Universitetet i Bergen


NY DOKTORGRAD

Tarmbakterie er ofte årsak til kronisk sjukdom

Cand. med. Arve Sæbø (56) disputerer 24. mai 1995 for den medisinske doktorgrad ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

Yersinia enterocolitica-infeksjon i Noreg. Ein studie av prevalens, epidemiologi, og akuffe og kroniske manifestasjonar.

Sæbø har undersøkt 755 rekruttar med blodprøver, for å finne ut kor mange som hadde vore smitta av bakterien Yersinia enterocolitica, og om slik smitte kunne ha samanheng med miljøfaktorar. Geografisk var det flest positive prøver mellom rekruttar frå Oslo (21.4%) og austlandet. Dessutan var drikkevatn frå privat brunn ein viktig risikofaktor, tydeleg demonstrert i Bergen. For å finne ut kva kroniske plager infeksjonen kan gje, har Sæbø fylgd 458 sjukehus-pasientar med Yersinia infeksjon i 10 år framover. I kontrollperioden utvikla ein stor del av pasientane kroniske sjukdom, t.d. reumatisme, tarmsjukdomar, leversjukdom o.a., og det var fleire dødsfall enn normalt. Arbeidet har vore gjort i samarbeid med Kirurgisk institutt, Universitetet i Bergen, og Statens institutt for folkehelse, med professor Georg Kapperud som
rettleiar.

Personalia
Arve Sæbø er fødd i Molde 1939, og tok medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Oslo 1966. Spesialist i generell kirurgi 1975, og i gastroenterologisk kirurgi 1980. No overlege ved Kirurgisk avdeling, Fylkessjukehuset i Molde.

Tid og stad for disputasen: 24. mai 1995, kl. 10.15, Store Auditorium, Haukeland Sjukehus

Prøveforelesing: 23. mai 1995, kl. 14. 15, Store Auditorium, Haukeland Sjukehus
Oppgjeve emne: Primær bakteriell peritonitt. Etiologi, diagnose og behandling.

Kontaktpersonar:
Cand.med. Arve Sæbø, Tlf. 71 21 70 00 (a), 71 21 23 97 (p)
Informasjonskonsulent Morten Steffensen, Tlf 55 58 90 35 (a) / 55 20 02 91 (p)