Universitetet i Bergen


NY DOKTORGRAD

Fotografiets kulturelle samanheng

Cand. philol. Oddlaug Reiakvam disputerer 2. juni 1995 for dr.art.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

Bilderøyndom - røyndomsbilde. Fotografi i kulturanalytisk perspektiv

Avhandlinga er eit resultat av mangfaldige dykk i tre omfangsrike fotografiske arkiv. Funna har resultert i tre portrett-montasjar med nasjonen, familien og bygda som sentrale motiv. Turistfotografen Knud Knudsens folkelivs- og landskaps-portrett frå perioden 1870-90 tente både som ornament til det nasjonale byggverket, - og som salsvare på turistmarknaden. Den fotografiske "folkekunsten" frå tida omkring århundreskiftet, representert ved Lauritz Bekker Larsen, eksemplifiserer det fotografiske mediet sin kapasitet som integrasjonsinstrument i den borgarlege familiens teneste. Bildefragment frå bygdefotografen Olai Fauske si verksemd som reporter, seremonimeister og forleggjar - mellom unionsoppløysing og verdskrig - er samanlimte til ein hamskifte-collage, eit modeme bygdeportrett i "heilnorsk" innråming. Siktemålet med studien har vore å flytte dei kulturhistoriske lagervarene frå arkivkontekst til kulturkontekst, slik at bilde frå ei tid kunne tolkast som bilde på ei tid.

Personalia
Oddlaug Reiakvam er fødd i Naustdal i Sunnfjord. Ho tok eksamen ved Statens bibliotekskole i 1964, vart cand. philol. i etnologi ved Universitetet i Bergen i 1989. Sidan 1964 har ho hatt fleire tilsetjingsbolkar som bibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Bergen, frå 1982 ved Bildesamlinga. I 1989 hadde ho NAVFs studentstipend under KULT-programmet. Frå 1990 til 1994 har ho vore tilsett som universitetsstipendiat ved Etno-folkloristisk institutt. I vårsemesteret 1995 er ho engasjert som førsteamanuensis ved Institutt for kunsthistorie og kulturvitskap .

Tid og stad for disputasen: 2. juni kl 10.15, Ulrike Pihls hus (klokkeslett ?)

Prøveforelesning: 1. juni kl. 15.15, Ulrike Pihls hus
Oppgjeve emne: "Bild, vardag och estetik: ett norskt forskningsfält"


Kontaktpersoner:
Cand. philol. Oddlaug Reiakvam, tlf. 55 21 22 10 (a)
Informasjonskonsulent Morten Steffensen, tlf. 55 58 90 35 (a)/ 55 20 02 91 (p)