Universitetet i Bergen


NY DOKTORGRAD

Økonometriske analysar av energimarknaden

Kjell Vaage (38) disputerte den 19. desember 1995 for graden dr. polit. ved Universitetet i Bergen med avhandlinga

Econometric Analyses of Energy Markets

I avhandlinga tar Vaage i bruk nyare statistiske metodar for å analysera etterspurnaden etter elektrisitet i norske hushald. Pålitelege analysar er ein føresetnad for mellom anna å kunna laga gode prognosar for framtidig energibruk, for derved å utarbeida ein informert energipolitikk. Eit sentralt tema i avhandlinga er å laga modellar som tar omsyn til at elektrisitetsforbruket blir bestemt indirekte, via dei el-baserte installasjonane i eit hushald. Dette er modellert både med bakgrunn i aggregerte data over el-forbruket dei siste 30 åra, og data fra detajerte spørjeundersøkingar. Avhandlinga inneheld også ein analyse av eit omfattande eksperiment med el-tariffar som varierer over dager og årstid. Responsen fra dei deltakande hushalda tilseier at det finst eit potensiale for denne typen tariffar i Noreg. Vaage evaluerer også ulike metodar for å handtera ekstreme observasjonar (sjokk) i ein tidsserie. Han demonstrerer kor viktig det er å laga modellar som tar tilstrekkeleg omsyn til dei langsiktige verknadane av slike sjokk. Råoljeprisen, med sine kraftige og ujamne sjokk, blir brukt som empirisk illustrasjon på dette.

Personalia:
Kjell Vaage er fødd pa Sunde i Sunnhordland i 1957. Etter avlagt hovudfagseksamen i sosialøkonomi har han vore tilsett som vitskapleg assistent og stipendiat ved Institutt for økonomi, Universitetet i Bergen, som høgskulelektor ved Høgskulen i Stord/Haugesund, og som forskar ved Stiftelsen for samfunns- og næringslivsforskning (SNF), Norges Handelshøyskole. Han er no tilsett som førsteamanuensis ved Institutt for økonomi, Universitetet i Bergen.

Kontaktpersonar:
Førstemanuensis Kjell Vaage, tlf. 55 58 92 06 (a)
Informasjonskonsulent Morten Steffensen, tlf. 55 58 90 35 (a)/ 55 20 02 91 (p)